KOR LANG ER VEGEN

Eg spurde vinden:
Sei meg
du flygande flyktning,
kor lang
er ennå vegen
mellom vest og aust -

og vinden svara:
så lang som vegen
frå menneske til menneske.


Anna Skeide